Fotogalleri
Menneske og dyr på Hestegarden
Hestegarden ligg i Sunnfjord, nær Sande i Gaular kommune. Garden ligg idyllisk og skjerma, med 3 km stølsveg frå tunet og opp til fjellet.
Vi tilbyr aktivitetar og opplevingar der dei daglege gjeremåla på garden er sentrale. Det same er bruk av naturen rundt oss, og ikkje minst dyra på garden. Vi har mange hestar; frå små Amerikanske miniatyrhestar, til den store stødige norske Fjordingen vi alle kjenner. I tillegg har vi høner i alle storleikar og fasongar, hundar, kattar, den einhorna geita Martine, kaninar og marsvin. Det er alltid mykje å finne på, og mange som blir glade når du kjem!
Alle får utfalde seg etter eigne behov og føresetnadar. Det viktigaste er å oppleve meistring, tilhøyring og glede. Tilbodet blir tilpassa kvar enkelt.
Vi har ein fin, lys og dekorert stall. Skal vi kose oss litt ekstra fyrer vi opp bål i «Villa Grille Kulla» – uansett årstid og vêr. Vi har og ein stor aktivitetshall for alt frå riding til ballspel, sidan vêret på vestlandet ikkje alltid er på lag med oss.
Du treng ikkje vere glad i hestar for å komme hit. Vi har mykje anna å halde på med og, men vi har enno ikkje treft på nokon som ikkje likar minihestane!
Vi som jobbar her – Linda Rognø, Ole Høgelid og Gro Anita Kristensen – har alle lang erfaring og kompetanse, og vil gjere sitt ytterste for at du skal ha det bra hos oss.
Hestegarden er ein trygg og god stad for både menneske og dyr. Alle som kjem blir aksepterte og er velkomne.
Inn på tunet – IPT
Hestegarden er kvalitetssikra og godkjent av Matmerk, som Inn på tunet-gard. Etter 1. januar 2014 er «Inn på tunet» eit registrert varemerke, og gardar som ikkje er godkjende kan ikkje bruke logo eller kalle seg en «Inn på tunet-gard”.
I Sogn og Fjordane er vi rundt 50 tilbydarar, og fylkesmannen si landbruksavdeling har ei viktig rolle som koordinator.
Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Godkjende gardar tilbyr aktivitetar som gjev meiningsfylt arbeid, meistring, utvikling og trivsel.
Det er mange ulike forskningsrapportar og studier som viser positive effektar av denne typen tiltak:
- Å bruke dyr i læring og aktivitetar
- Å få vere ein del av eit fellesskap der alle vert aksepterte
- Å vere tett på naturen
- Arbeide med jord og vekstar i hagebruk
- Meistring av konkrete oppgåver på garden
Alt dette, og meire til, er med på å forbetre kvardagen til dei som får tilbod frå Inn på tunet-gardsbruk.
Kontakt:
Linda Rognø
Adresse:
Hestegarden
Grøvlebakke
6973 SANDE i Sunnfjord
Organisasjonsnr.: 994445642