Fotogalleri
Dei første Amerikanske miniatyrhestane kom til Hestegarden sommaren 2013 og er allereie blitt kjempepopulære. Dei er supre kjæledyr og terapihestar med eit fantastisk lynne.
Miniane er mindre enn 86,4 cm høge, og har proporsjonane til store hestar, ikkje som ponniar. Dei fleste vegr mellom 50 og 70 kg, altså det same som ein stor hund. Dei lærer raskt, er svært avbalanserte og tillitsfulle, og knyter sterke band til menneska sine. Miniane kan bli eldre enn dei fleste andre hestar, gjerne opp til 35 år.
Kvifor minihestar? Bortsett frå å ri (med unntak av små barn), kan du gjere det same med miniane som med dei store hestane. I tillegg kan du finne på mykje som dei store aldri kan vere med på, som ein tur inn i huset eller i barnehagen. Det finst fleire miniatyrar som fungerar som hjelpehest / blindehest på same måten som hundar. Våre miniatyrar har allereie, i tillegg til å bli mange barn sin beste venn, vore med på butikkopning, sjukeheimsbesøk og barnehagebesøk.