Mental helse
Psykisk helse er ein viktig del av å ha det godt med seg sjølv og andre. Vi tilbyr samtalestøtte, rettleiing og trygge rom for deg som kjenner på stress, uro, nedstemtheit, angst, eller andre psykiske utfordringar i kvardagen.
Gjennom tillitsfulle samtalar, dyreassisterte intervensjonar og tilpassa oppfølging hjelper vi deg med å sortere tankar, forstå kjensler og finne verktøy for betre meistring. Tilbodet er både for barn, unge og vaksne – og vert tilpassa kvar enkelt sine behov.
Du er ikkje åleine – vi er her for å lytte, støtte og hjelpe deg vidare.