Ridefysioterapi – Terapi i bevegelse

Ridefysioterapi er ei spesialisert form for fysioterapi der hest vert nytta som ein aktiv medspelar i behandlinga. Gjennom målretta øvingar i samspel med hesten, får brukaren hjelp til å betre balanse, styrke, koordinasjon og kroppskontroll på ein naturleg og motiverande måte.

Behandlinga vert leia av autorisert fysioterapeut med godkjend vidareutdanning innan ridefysioterapi og fysioterapi for barn. Terapien vert tilpassa kvar enkelt sitt behov, anten det gjeld barn, unge eller vaksne med fysiske eller psykiske utfordringar.

Ridefysioterapi kombinerer fagleg kunnskap med den unike rørsla og varmen frå hesten, noko som gir ein heilskapleg og inkluderande behandlingsform – i trygge og naturnære omgjevnader.

Ein treng ikkje tilvisning frå lege. Ta direkte kontakt med fysioterapeuten.

Pris.kr. 500/time

Telefon fysioterapeut Hanne Thue: 97156419